Fellesskapet Elvaneset
 
 
 
Fellesskapet-Elvaneset_Dagtid_Oppdatert.jpg
 

fellesskapet ELVANESET

Fellesskapet Elvaneset er eit arkitektteikna byggeprosjekt på Sandane, som er ein idyllisk tettstad innerst i Gloppefjorden. Sandane er kommunesenteret i Gloppen kommune og har om lag 2000 innbyggarar. Gloppen kommune har svært variert natur, frå isbrear som Ålfotbreen og Jostedalsbreen til vakre kulturlandskap langs både vatn og fjordar.

I gangavstand frå Sandane sentrum ligg Elvaneset, som er eit langstrekt nes mellom lakseelva Gloppenelva og badeplassen Selvågane. Elvaneset er eit naturskjønt område med panoramautsikt utover fjorden og fjella som omkransar den. Området som skal byggast ut, ligg idyllisk til heilt nede ved fjorden og er blant dei mest attraktive tomtene i Gloppen kommune.

Her vil utbyggar Kristian Aamand Petersen skape eit unikt bufellesskap - Fellesskapet Elvaneset - inspirert av tradisjonelle vestlandske klyngetun.

Her på nettsida kan du sjå visualiseringar av prosjektet. Ovanfor ser du fellesområdet, medan nedanfor kan du sjå ein av bustadane innanfrå, samt Fellesskapet Elvaneset sett frå fjorden.

 
 
Fellesskapet-Elvaneset-fjordutsikt-2.jpg
 
 
 

INSPIRERT AV VESTLANDSKE KLYNGETUN

Fellesskapet Elvaneset er inspirert av såkalla klyngetun. Eit klyngetun er ei nemning på eit tradisjonelt vestlandsk gardstun, der hus frå fleire bruk var bygd tett saman. Typiske eksempel på klyngetun er Havråtunet på Osterøy, Agatunet i Hardanger og Osmundnes i Gloppen.

Fellesskapet Elvaneset vil bestå av tre ulike typar bustader. Mellom desse bustadane vil det bli eit fellesområde, der bebuarane til dømes kan sosialisere seg, sysle med hobbyar eller berre slappe av.

Her vil vi bevare naturlege, grå bergknausar med eirgrøne sjatteringar og ulike sortar kvit lav. Desse berga kan til dømes nyttast til rekreasjon eller leik for borna i kvardagen.

Fellesområdet vil mellom anna ha plass til ein leikeplass, små åkerlappar, eit drivhus, solstolar til finværsdagar, ein bålplass og andre element som vil bidra til å skape eit solid fellesskap.

Nede ved fjorden ligg i dag nokre naust. Her vil vi bygge ei småbåthamn, eit naust og eit felleshus. Dette felleshuset vil mellom anna ha lagringsplass til kanoar, kajakkar, fiskeutstyr og liknande.

 
 
 
 
 
 
Fellesskapet-Elvaneset-kveldstid.jpg
 

Bli ein del av fellesskapet

Vi jobbar med planteikningane, samt teikningane til småbåthamna og felleshuset. Desse vil bli lagt ut etter kvart. Fyll ut skjemaet nedanfor, så vil du få tilsendt dei viktigaste oppdateringane på prosjektet, samt motta salsprospektet når dette er klart.