Kanskje den flottaste tomta i Norge?

Her ser du ei visualisering frå atriumhuset på 2. etasjar, som etter vår meining har ei av dei flottaste bustadtomtene i Norge. Når du legg deg om kvelden på eit av dei fire soveromma, kan du sovne til lyden av bølgjer som skvulpar mot svaberga like nedanfor.

Visualisering frå atriumhuset på 2. etasjar.

Her får du ei solrik tomt med spektakulær beliggenhet, like ved elvemunningen der Gloppeelva møter Gloppefjorden. Om sommaren kan du nyte ein kopp kaffi ved soloppgang eller nyte kveldssola frå terrassen og fargespelet på himmelen etter solnedgang.

Svaberga som er avbilda her, er ein av dei finaste plassane vi veit om. På grunn av ei djup ravine har dette området i praksis vore utilgjengeleg. Her kan du sette deg ned og nyte panoramautsikta. Nedanfor kan du sjå eit uredigert videoklipp, tatt med mobiltelefon for nokre dagar sidan.

På andre sida av elva kan du frå 1. juni sjå laksefiskarar som freistar fiskelukka. Like bortanfor ligg Gloppen camping, der du mellom anna finn ei langgrunn og barnevennleg badestrand. Bakanfor hovudkontoret til SFE, kan du sjå Fitjedalen med Smørløysa kneisande bakanfor. I dette området er det mange fine turmoglegheiter. Besøk gjerne Facebook-sida til Midtre-Nordfjord Turlag for tips og ikkje minst turkameratar.

Det er om lag 10 minutt å gå frå Elvaneset til Sandane sentrum med alle servicefunksjonar. Og med Sandane lufthamn berre 10 minutt frå Elvaneset er det kort veg til storbyane, enten det er snakk om ein helgetur eller ei jobbreise.

Den spektakulære beliggenheten gjer dette til ein svært sjeldan moglegheit. Dette er ei solid eigedomsinvestering – men det er først og fremst ei investering i ein heim som vil gje deg trivsel, sosialt fellesskap, aktivitetstilbod og meir fritid som følgje av ein vedlikehaldsfri bustad.

Er du interessert i å kjøpe denne eller ein annan bustad på Elvaneset?

Bjørnar Aske