Bli kjent med terrassehuset

I dette innlegget får du bli litt betre kjent med terrassehuset gjennom 4 visualiseringar. Namnet «terrasehus» refererer til bustadens arkitektoniske form og det faktum at bustaden har to terrassar – ein terrasse som vender mot søraust der du får morgonsola med ein gong den står opp over fjella, og ein terrasse som vender mot nordvest der du får kveldssola og panoramautsikt utover fjorden. Uansett vindretning har du dermed alltid ein uteplass der du kan sitte i le for vinden.

Nedanfor ser du ei visualisering frå 2. etasje i terrassehuset, som har ei loftsstove, bad/WC og 5 soverom. I enden av bustaden vendt mot fjorden ligg hovudsoverommet, der du får inn dagens siste solstrålar frå kveldssola.

Visualisering frå 2. etasje i terrassehuset, sett frå loftsstova mot hovudsoverom i enden.

Av og til kan det vere koselig at det regnar. Då kan ein sitte inne og nyte ein kopp med te og ei god bok, samtidig som ein høyrer det regnar utanfor. Visualiseringa nedanfor er frå hovudsoverommet i 2. etasje på eit av terrassehusa i fremre rekke. Om du klikkar på bildet for å forstørre det eller zoomar inn, kan du sjå badestranda ved Gloppen campingplass og hovudkontoret til Sogn og Fjordane Energi (SFE) i bakgrunnen.

Visualisering frå hovudsoverommet i 2. etasje på terrassehuset.

Takhøgda i 2. etasje er 4.5 meter under mønet, medan det er 7.5 meter opp til mønet frå etestova / stova. Ei slik takhøgd skapar nesten ein herskapleg kjensle. Frå den opne kjøkkenløysinga, har du panoramautsikt utover fjorden.

Visualiseringa nedanfor er frå kjøkenet, der store vindauge frå golv til tak slepp inn mykje naturleg lys. Etestova til høgre. 1. etasje inneheld bad/WC, stor entré, vaskerom og ei opa kjøkenløysing mot ei romsleg stove. Frå garasjen kan du gå direkte inn i heimen via inngangen på vaskerommet. Ganske praktisk når ein har fleire nett med matvarer og det regnar ute?

Visualisering frå kjøkenet i terrassehuset med etestova til høgre.