Draumeprosjektet blir verkelegheit

I november i fjor fremja Fylkesmannen motsegn med fleire krav knytt til planframlegget, etter at vårt framlegg til detaljreguleringsplan for Elvaneset vart lagt ut til offentleg gjennomsyn. Fylkesmannen kravde mellom anna at felleshuset og to av bustadane vart tatt ut av planforslaget. Men i dialog med Fylkesmannen og med god støtte frå Gloppen kommune, har vi kome fram til eit kompromiss som gjer at vi endeleg kan juble over at draumeprosjektet blir verkelegheit. 

To tidlegare forsøk på utbygging av nedre del av Elvaneset har av ulike årsakar stranda. I verste fall kunne det skjedd med vårt byggeprosjekt også.

Krav om ny detaljreguleringsplan for Elvaneset

I desember 2017 godkjente kommunestyret avtalen om sal av nedre del av Elvaneset til Fellesskapet Elvaneset AS. Til grunn for avtalen låg ei skisse for vår visjon for bustadområdet på Elvaneset, men sidan skissa avveik ein del frå områdereguleringsplanen, måtte vi få utarbeidd ein ny reguleringsplan. På oppdrag frå oss utarbeidde difor Ahda AS ved Annemieke Koopmans-Holtrop ein ny detaljreguleringsplan for nedre del av Elvaneset.  

Fylkesmannen meinte at heile Elvaneset burde bli friområde

I september 2018 vart vårt framlegg til detaljreguleringsplan for Elvaneset lagt ut til offentleg gjennomsyn. I saksutgreiinga til møtet skriv rådmann Jan Kåre Fure at Fylkesmannen meinte at kommunen burde revurdere områdereguleringsplanen, og sette av det gamle industriområdet på Elvaneset til friområde. I følgje rådmannen var ikkje dette fornuftig bruk av offentlege ressursar, sidan avsetting av heile neset til friområde ville krevje store offentlege investeringar i riving, opprydding og reetablering av natur. Rådmannen peikte også på at Elvaneset har vore avsett til bustadformål sidan 2001.

IMG_20190412_140111.jpg

Fylkesmannen – motsegn med krav om å ta ut tomter frå planforslaget

Ved høyringa av planforslaget fremma Fylkesmannen motsegn med krav om at det vert lagt inn det vert lagt inn byggjegrense på minst 15 meter frå sjøen på tomt nr. B4, at tomt B5 og B6 vart teke ut av planforslaget og det planlagde felleshuset vert teke ut av planforslaget.  

I desember var Fylkesmannen på synfaring på Elvaneset og i møte med kommunen. Formålet med møtet var å drøfte motsegnene knytt til planforslaget. Etter dette møtet, trakk Fylkesmannen 4 av 5 av motsegnene, under gitte føresetnader. Fylkesmannen sto likevel fast ved motsegna til to av bustadane og viste til viktigheita av å ivareta strandsona og det sentrumsnære grøntområdet.   

Etter andre synfaring og nokre forhandlingsrunder, fann vi ei løysing Fylkesmannen kunne godta.

Sentrumsnært grøntområde blir ivaretatt

Fylkesmannen peika på at det er viktig å ta vare på sentrumsnære grøntområde. Det er vi heilt samde om. Det vil ikkje bli mindre grøntområde på Elvaneset. Tidligare var det 4,88 dekar grøntområde på Elvaneset, dvs.4880 kvadratmeter. Med den nye planen aukar vi grøntområdet opp til 5,95 dekar, det vil sei ei auke på 1070 grønne kvadratmeter. Vi vil ta ned minst mogleg skog, samtidig som grøntområdet vil bli gjort meir tilgjengeleg enn det er i dag. I tillegg ryddar vi opp gammalt industriavfall, legg høgspentlinja i bakken og etablerer ny kloakk.

Vi har også laga detaljerte planar for plantning av tre og busker som både vil ivareta behovet for utsikt og skjerming for bebuarane. Bustadtomtene og fellesområdet vil også i stor grad bestå av naturtomter med lyng og svaberg. Som bebuar i Fellesskapet Elvaneset vil du få leve tett på naturen med panoramautsikt utover Gloppefjorden. 

20180529-2018-05-29 13.41.20.jpg

Eit godt kompromiss

Vi har hatt ein konstruktiv og god dialog med Fylkesmannen. Det har gjort at vi har kome fram til eit godt kompromiss der vi trekker to av bueiningane lengre bakover av omsyn til strandsona. Vi er både svært glade og letta for å ha kome til einigheit. 

Dei to siste bustadane var viktig å få med i prosjektet for å kunne realisere planane vi har Elvaneset. Dei vil bidra til å finansiere felleshus, småbåthamn, solcelle og fjordvarmeanlegg. Når vi får fleire bueiningar å dele utbyggingskostnadane på, kan vi realisere dei ambisiøse planane våre til glede for både bebuarane og lokalmiljøet. Kort sagt gjer det at draumeprosjektet blir verkelegheit.  

Annemieke Koopmans-Holtrop og Kristian Aamand Petersen.

Annemieke Koopmans-Holtrop og Kristian Aamand Petersen.

Ahda design og arkitektur ved Annemieke Koopmans-Holtrop har hjelpt oss å utarbeide ein veldig god detaljreguleringsplan som vi er veldig stolte av. Vi har tatt omsyn til alle merknadane og innarbeidd desse i ein ny detaljreguleringsplan for Elvaneset, ein plan som kjem interessentane i møte.

Arkitektteikna bustader med fantastisk beliggenhet

Tegnestuen Frank & Gvozden er ferdig å teikne dei tre bustadtypane. Desse vil bli publisert på nettsida og på Facebook-sida vår om kort tid. Utan å sei for mykje, kan vi love at det blir noko heilt nytt. No jobbar vi med detaljteikningane av felleshus og småbåthamna.

Samtidig som vårt framlegg til ny detaljreguleringsplan har blitt handsame, har vi jobba med prosjektering og planlegging av byggeprosessen, slik at denne skal bli så effektiv som mogeleg.