Felleshuset – eit selskapslokale og ein uformell møteplass for bebuarane

Felleshuset består av to bygg med to etasjar, men det er berre frå sjøsida ein kan sjå begge etasjane. Ved å samle fleire funksjonar under same tak, får vi ei arealeffektiv løysing. Felleshuset bygger på den same grunntanken som resten av fellesskapet. Saman kan vi få mykje meir enn vi kan få kvar for oss, både når det gjeld kvalitet og totalpakke.  

INTERIOR COMMUNITY HOUSE #1.jpg

Felleshuset kan fungere som ein sosial møteplass for bebuarane, frå spontane og uformelle måltid til felles feiring av jonsok eller nyttår. Samtidig kan kvar enkelt innlosjere gjestar eller reservere selskapslokale til bursdagsfeiring, konfirmasjon, og liknande. Her vil eit vedtaksfesta poengsystem sikre rettferdig fordeling mellom bebuarane, slik at alle får nyte godt av felleshuset.

Selskapslokale

Felleshuset vil få eit fullt utstyrt kjøkken og ha plass til selskap med over 50 gjestar, som til dømes ved barnedåp, konfirmasjon, bursdagsselskap eller andre anledningar. Selskapslokalet vil kunne leigast ut, men det vil absolutt ikkje bli eit lokale for ungdomsfestar.

Her er grindverket synleg heilt opp til mønet, noko som gjev ei svært romsleg kjensle. Her kombinerer vi tradisjonell, norsk byggeskikk og skandinavisk design med store vindauge frå golv til tak, som gjev spektakulær utsikt utover fjorden. Saman med takvindauge i mønet, slepp desse vindauga inn mykje naturleg lys.  

I selskapslokalet finn du også vegghyller til bøker, brettspel og liknande.

Frå det store selskapsrommet, er det skyvedører i glas mot ein stor uteterrasse der du får panoramautsikt utover fjorden. Her kan du sette deg ned og slappe av, medan du følgjer med ungane som badar like nedanfor frå småbåthamna eller padlar i sundet mellom Elvaneset og Selvågane.

Innlosjer gjestar på eit av to soverom

I felleshuset er det to gjesterom, samt to bad med toalett og dusj. Med soverom, toalett og kjøkken, kan gjestane dine styre seg sjølve i større grad. Som tidlegare nemnt vil eit poengsystem sikre rettferdig fordeling av gjestedøgn mellom bebuarane.  

Felleshus1.jpg

Verkstad og hobbyrom i garasjen

Garasjen ligg separat frå felleshuset, som vil fungere som eit hobbyrom og verkstad for ulike prosjekt. Vi har lagt vekt på arealeffektive løysingar. Om du til dømes har bruk for å skru på ein sykkel eller drive med eit hobbyprosjekt, kan du nytte garasjen i felleshuset til dette, framfor å tilgrise eigen garasje eller carport.

Betre avfallshandtering med felles løysing

På Elvaneset vil ein få felles avfallshandtering, slik at du slepp å ha bossdunkar ståande i sola rett utanfor bustaden din. Bossdunkane blir plassert på eine sida av felleshuset, i eit separat og avstengt rom i garasjen. Desse bossdunkane vil bli tømt oftare enn vanleg, pga. felles avfallshandtering. Ein får med andre ord betre avfallshandtering til same pris, samtidig som ein slepp avfallsdunkar som luktar utanfor huset ditt. I tillegg slepp du å måtte huske å ta fram bossdunkane når det er søppeltømming.  

Universalt utforma tilkomst

Ei trapp mellom felleshuset og garasjen ledar ned til småbåthamna. Her blir det også ei rullestolheis, slik at alle kan komme ned til småbåthamna og badestampen.  

Badestamp - isbading og nordlys

Under garasjen vil det komme ein overbygd badestamp. Her kan du vinterstid sitte og sjå på nordlyset eller ta eit isbad, for deretter å gå inn i felleshuset for ta ein varm dusj og skifte etterpå.

Fjordvarme

I underetasjen ligg teknisk rom og fjordvarmesentralen. Fjordvarmeanlegget vil gje bebuarane i Fellesskapet Elvaneset miljøvennleg og billig straum og betre forsyningssikkerheit. 

Oppbevaring av fiskeutstyr, kajakkar og anna utstyr til vassport

I underetasjen blir det også lagt opp til oppbevaring av kajakkar og anna utstyr til vassport. Det kommunale pumpehuset ligg inntil felleshuset, skjult under terrassen.

Bjørnar Aske