Inspirert av vestlandske klyngetun

Fellesskapet Elvaneset er inspirert av såkalla klyngetun. Eit klyngetun er ei nemning på eit tradisjonelt vestlandsk gardstun, der store og små hus frå fleire bruk var bygd tett saman. Typiske eksempel på klyngetun er Havråtunet på Osterøy, Agatunet i Hardanger og Osmundnes i Gloppen.

Sosialt fellesskap.jpg

Vi ser for oss at desse klyngetuna hadde eit sterkt sosialt fellesskap. Dette håpar vi å gjenskape på Elvaneset ved å legge til rette for gode møteplassar, som til dømes eit felles hus som alle bebuarane får tilgang til og eit flott fellesområde mellom bustadane.  

Fellesområdet vil mellom anna ha plass til ein leikeplass, små åkerlappar, eit drivhus, solstolar til finværsdagar, ein bålplass og andre element som vil bidra til å skape eit solid fellesskap.