Råvarer frå gode naboar

Om du skal lage god mat på kjøkkenet, må du ha gode råvarer. Det får du i Gloppen Kommune, som er ein av landets største jordbrukskommunar. Her kan du handle ferske råvarer som frukt- og grønsaker direkte frå bonden eller lokalprodusert mat og drikke i butikkane.

INTERIOR TERRACEHOUSE #3_CROP.jpg

Under følgjer nokre lokale produsentar og distributørarar av lokalmat:

Du kan kjøpe ferske råvarer og lokalprodusert mat direkte frå produsentane gjennom REKO-ringen i Gloppen. REKO er eit distribusjonsnettverk der fleire lokalmatprodusentar annonserer sine varer i ei felles Facebook-gruppe. Fleire av desse produsentane finn du gjerne på stand under Matamål - matfestivalen i Sogn og Fjordane, som arrangerast siste helga i september. Her kan du delta på ulike arrangement og kjøpe lokalprodusert mat og drikke direkte frå produsentane under den tradisjonelle torgdagen.

Gardsbrenneriet er eit handverksdestilleri på Hauge. Her brukar Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad lokale råvarer til å produsere brennevin og herleg ferskpressa eplemost. På Hauge finn vi også Påldtun frukt og bær. Her legg Veronica Hauge barndomsminner på flasker og glas etter oppskrift frå mor si heimelaga saft og besta sitt syltekott.

Høgt & Vilt er ei gardsverksemd som held til i Devik, på ein gamal gard frå 1100-talet. Her produserer dei økologiske urter som set ekstra god smak på både mat og drikke. Dei økologiske urtene kan nyttast til te, krydder og pynt på mat.

Kandal Kjøtt er ei småskala foredlingsbedrift av geit- og kjekjøtt. Produkta er laga etter tradisjonelle oppskrifter, fri for mjølk og gluten.

I Kandalen finn vi også Sølvane Gard, der Eivind Kandal og Torstein Kollevåg tok over drifta i år. Dei sel lokalprodusert kjekjøtt og geitekjøtt, mellom anna til to Michelin-restauranter. I tillegg tilbyr dei overnatting og events.

Fjellestad Gardskjøken produserer gombe, som er ein type søtost, som tradisjonelt har blitt brukt til lefser som fest- og høgtidsmat.

På Gloppen Hotell lagar kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem fabelaktig god mat av lokale råvarer som til dømes hjortekjøt og laks. I Gloppen har vi og grunn til å vere stolte av kjøkkenet ved Gloppen omsorgssenter, som Landbruks- og matdepartementet (Norge) kåra til det beste kjøkenet i konkurranse med alle sjukeheimane i Norge. Her lagar kjøkkensjef Gunvor Sunde og dei tilsette kvar dag mat til 200 bebuarar og brukarar.

Bakar Jon på Byrkjelo er viden kjent for sine gode bakervarer. I butikken på Byrkjelo finn du produkt frå over hundre lokale/regionale produsentar. Ein del av desse produsentane kan du også finne på Lauget kaffi & kultur og Extra, som også har ei avdeling for kortreist mat.

Og om du er glad i fisk, kan du få torsk frå fjorden, laks frå ei av fleire lakseelver i området eller fjellaure frå eit av dei mange omkringliggjande fiskevatna.

Denne visualiseringa er frå kjøkkenet i terrassehuset. Her ligg alt til rette for eit herremåltid. Bon Appétit!

Bjørnar Aske