Få ein vedlikehaldsfri heim

Vi har valt Kebony som leverandør av både veggkledning, taktekking og platning til alle bustadane på Elvaneset, samt småbåthamn, promenade og felleshus. Kebony er eit eksklusivt trevirke anbefalt av leiande arkitektar. Det er bærekraftig, haldbart, miljøvennleg og ikkje minst vedlikehaldsfritt.

Det betyr at du kan bruke fritida di på det som er viktig for deg. Nyt livet saman med familien og bruk tid på fritidsinteresser framfor vedlikehald.

Vedlikehaldsfritt-1.jpg

Kebony er eit norsk selskap som leverer trematerial av overlegen kvalitet. Verksemda har målsetning om å bli den leiande merkevara og teknologibedrifta innan treindustri. Så langt har dei mottatt ei rekke prisar og utmerkingar for sin miljøvennlege teknologi og innovasjon.

Kebony brukar ein teknologi som permanent endrar bærekraftige tresortar som furu og gjer trevirket vedlikehaldsfritt. Den patenterte produksjonsprosessen fungerer mykje betre enn tradisjonell treimpregnering med biocider. Prosessen gjev store forbetringar i haldbarhet og dimensjonsstabilitet samanlikna med andre behandlingsmetodar, samtidig som den gjev eit attraktivt ytre. I tillegg er Kebony miljøvennleg og er merket med miljømerket Svanen.

Ved ferdigstilling vil kledninga på bustadane ha ein djup, mørkebrun farge. Fargen er eit resultat av den prosessen trevirket gjennomgår. Ved eksponering for sol og regn, vil trevirket gradvis utvikle ein flott, sølvgrå patina.

Det spesielle med Kebony er at dei nyttar ei biologisk væske som endrar treets cellestruktur og gjev det eineståande eigenskapar:

  • Vakkert - eksponering for sol og regn gjev over tid ein naturleg, sølvgrå patina

  • Haldbart - behandlinga gjer treet svært hardt og haldbart

  • Stabilt - svelling og krymping redusert med 40-60 %

  • Garantert lang levetid - garantert utandørs levetid på 30 år

  • Inga etterbehandling - krever inga etterbehandling utover normal reingjering

  • Motstandsdyktig - mot sopp, råte og andre øydeleggende mikroorganismar

  • Trygt og giftfritt - inga bruk av gift eller skadelege impregneringsstoff

  • Miljøvennleg teknologi - bio-basert væske sørger for eit naturlig treprodukt

  • Bærekraftige ressursar - råstoff frå bærekraftig forvaltede skoger, alle leverandører er sertifiserte

Du kan lese meir om Kebony og sjå bilete frå referanseprosjekt på www.kebony.com.