Visualisering frå loftsstova i atriumhuset

Visualisering frå loftsstova i atriumhuset, som også har tre soverom og bad i same etasje. Alle bustadane på Elvaneset får takvindauger frå kvalitetsleverandøren VELUX. Med store takvindauge slepp vi mykje naturleg dagslys inn i bustadane og skapar eit lyst og triveleg innemiljø.

På uvêrsdagar kan du kose deg i loftsstova, medan regnet piskar mot takvindauga. På finvêrsdagar kan du derimot opne takvindauga og sleppe inn frisk luft og høyre sjøfuglar og bølgjer som skvulpar mot svaberga like utanfor.

Visualisering frå Tegnestuen Frank & Gvozden ved arkitekt Senad Gvozden.

Bjørnar Aske