Visualisering frå atriumhuset

Bustaden du ser her, har fått teikna inn eit sørvendt atrium – eit avskjerma uterom, som saman med store vindauger slepp inn masse naturleg lys i bustadane. Ti av fjorten bustader har eit atrium. Både atriumet og dei store vindauga som går frå golv til tak, vil gje ei kjensle av å bu tett på naturen – frå naturtomta rett utanfor døra til panoramautsikta mot fjorden og fjella som omkransar den. 

INTERIOR ATRIUMHOUSE #3_cropped3.jpg

Arkitekten har fokusert på å bruke mest mogleg miljøvenlege og naturlege material. Eit flott tregolv i opphaldsromma skapar ein varm og intim atmosfære som inviterer til å gå barbeint eller sette seg ned på golvet og leike med borna. Med store, slette overflater kan du sette ditt eige preg på bustaden og skape ei heimekoseleg atmosfære, der du kan kose deg med ei god bok eller eit magasin.

INTERIOR ATRIUMHOUSE #3_cropped.jpg