Fellesskapet Elvaneset
 

Terrassehuset

Terrassehuset er utforma som ein sjølvstendig einebustad, der det omkringliggande landskapet inviterast inn i bustaden frå alle sider. Ei forskyving av bustadmassen skapar eit unikt arkitektonisk uttrykk, der bustaden består av tre delar, samt to viktige uteplassar på kvar si side av bustaden. Desse uteplassane fungerer som to avskjerma krokar, slik at ein alltid kan søke ly for vind eller nyte varmen i solveggen.Inne i huset skapar forskyvinga nye romlege samspel mellom husets hovudfunksjoner.

Sentralt i bustaden markerer eit rom i dobbel høgde husets omdreiingspunkt. Her er det trapp opp til andre etasje, der ein finn alle husets soverom. Her er det også moglegheit for fleire opphaldsrom og bad.

Merk at terrassehuset ikkje er universelt utforma som ein tilgjengeleg bustad, sidan alle soveromma er plassert i andre etasje.

Bustadtype: Einebustad
BRA: 200 m²
P-rom: 195 m²
Terrasse: 30 m²
Antall soverom: 3/4
Etasjar: 2
Garasje: ja

Merk at det kan bli avvik frå viste løysingar, samt oppgjeve areal og antall rom.

 

Atriumhuset

Atriumhuset er teikna som eit kjeda einebustader, der to einebustader er samanbygd. Den arkitektoniske utforminga av bustadane sikrar at ein kan leve nokså uforstyrra, samtidig som ein bur tett på kvarandre.

Kvar av einebustadane har eit sentralt plassert atrium, som er eit avskjerma uterom. Her kan du trekke deg tilbake for litt åleinetid eller dyrke fellesskap saman med vennar eller familie. Slik blir atriumet eit ekstra opphaldsrom, der du får privatliv, samtidig som du får sol og frisk luft.

Atriumet slepp både natur og dagslys inn i opphaldsrom, kjøkken, soverom og bad. På den måten blir både visuelle og funksjonelle verdiar ved bustaden framheva.

Det er teikna i to ulike versjonar av atriumhuset i høvevis ein og to etasjar. 

Bustadtype: kjeda einebustader
BRA: 85 m² eller 140 m²
P-rom: 80 m² eller 135 m²
Terrasse: 40 m²
Antall soverom: 2 eller 3/4
Etasjar: 1 eller 2
Garasje: nei

Merk at det kan bli avvik frå viste løysingar, samt oppgjeve areal og antall rom.

 

Bustaden på eit plan kan bli utforma som ein tilgjengeleg bueining. Det inneberer at alle bustadens hovudfunksjonar er plassert på bakkenivå, og at bustaden er designa etter krav for universell utforming for personar med funksjonshemmingar.

 

Bustaden på to etasjar gjev fleire opphaldsrom, soverom eller bad, samt dobbel høgde på utvalde rom.