Fellesskapet Elvaneset
 

Om gloppen, sandane og elvaneset

Sandane er ein idyllisk tettstad innerst i Gloppefjorden, som er ein søraustgåande fjordarm av Nordfjorden. Sandane er kommunesenteret i Gloppen kommune og har om lag 2000 innbyggarar. Gloppen kommune har svært variert natur, frå isbrear som Ålfotbreen og Jostedalsbreen til vakre kulturlandskap langs både vatn og fjordar.

I gangavstand frå Sandane sentrum ligg Elvaneset, som er eit langstrekt nes mellom lakseelva Gloppenelva og badeplassen Selvågane. Neset ligg som ei forlenging av ein nokså stor åsrygg. Her er eit lett kupert terreng som skråna ned mot svaberga ved sjøen. Området som skal byggast ut, ligg idyllisk til heilt nede ved fjorden. 

Her vil utbyggar Kristian Aamand Petersen skape eit unikt bufellesskap - Fellesskapet Elvaneset - inspirert av tradisjonelle vestlandske klyngetun.