Samarbeidspartnarar
For å realisere dette byggprosjektet samarbeider Fellesskapet Elvaneset AS med fleire verksemder, både lokalt og internasjonalt. Under følger ein kort presentasjon av desse samarbeidspartnarane.
Kristian Aamand Petersen, K-A Bygg AS
Kristian Aamand Petersen er utdanna tømrar og dagleg leiar i Fellesskapet Elvaneset AS og K-A Bygg AS, eit byggfirma han etablerte i 2013 og som også er utbyggar på dette prosjektet. Det er Kristian som står bak prosjektet Fellesskapet Elvaneset.
Senad Gvozden, Tegnestuen Frank & Gvozden
Senad Gvozden er utdanna arkitekt ved universitetet i Aalborg og dagleg leiar i Tegnestuen Frank & Gvozden, eit arkitektfirma som held til i København i Danmark. Senad har ansvar for den arkitektoniske utforminga av Fellesskapet Elvaneset.
Annemieke Koopmans-Holtrop, Ahda AS
Annemieke Koopmans-Holtrop er utdanna bygningsingeniør med erfaring innan infrastruktur og arealplanlegging. I 2013 etablerte ho Ahda design og arkitektur. På dette prosjektet jobbar Annemieke mellom anna med reguleringsarbeid opp mot kommunen.
Bjørnar Aske, Innholdspartner as
Bjørnar Aske er utdanna ved Handelshøgskulen BI og dagleg leiar av marknadsføringsbyrået Innholdspartner AS. På dette prosjektet, bidrar Bjørnar med informasjonsarbeid og marknadsføring, som f.eks. design og utvikling av denne nettsida.
(+47) 90137252
bjornar.aske@innholdspartner.no
innholdspartner.no