Fellesskapet Elvaneset
Situasjonskart_juni18.png

TOPOGRAFI

Elvaneset er eit naturskjønt område med panoramautsikt utover fjorden og fjella som omkransar den. Området som skal byggast ut, ligg idyllisk til heilt nede ved fjorden. Her finn vi ein topografi beståande av langsgåande bergknausar, svaberg og noko fyllmasse. Like ovanfor er det utbygde bustadeigedomar.

TILKOMST OG PARKERING

Nye vegar vil bli anlagt for å gje tilkomst til bustadane. Langs vegen vil det bli parkeringssoner for bebuarane, som kjem i tillegg til garasje eller carport for kvar enkelt bustad. For å unngå større naturinngrep, vil desse parkeringsplassane truleg bestå av utjamna grunnfjell. Dette vil passe omgjevnadane betre enn asfalt.

MERKNAD OM TEIKNINGANE

Ver merksam på at verken plassering av bustadane eller arkitektonisk utforming er endeleg bestemt. Det kan bli endringar på teikningane etter kvart.