
LANDSKAPSUTSNITT CC 1:500
Utsnittet viser korleis ein ønskjer å nytte det kuperte og skråande terrenget, slik ein i størst mogleg grad bevarer utsikta frå naboeigedomane. Her ser vi fellesområdet og nokre av bustadane i fellesskapet, samt ein av naboeigedomane ovanfor.
MINST MOGLEG NATURINNGREP
For å sikre utsikten til naboane ovanfor, kjem ein ikkje vekk i frå litt sprengingsarbeid. Samtidig ønskjer vi å gjere minst mogleg naturinngrep for å bevare bergknausar og svaberg som er ein naturleg del av Elvaneset. Slik kan området si tiltrekkingskraft bevarast på best mogleg måte.
Lokalt gode solforhold
Elvaneset har lokalt gode solforhold. Arkitektane har gjennomført solstudier, for å finne ei optimal plassering av bustadane med tanke på solforhold, samt bevaring av privatsfæren for kvar enkelt bustad. Slik kan naturleg dagslys kan utnyttast både til belysning og oppvarming av bustadane.